NORSK KVEDARFORUM vedtekter

stor logo kvedarforum_150x150VEDTEKTER FOR NORSK KVEDARFORUM (Rev. 20.03.03)

Stifta i Bø i Telemark, den 26.april 2002, i samband med Stevseminar.
(Stevseminaret blei skipa i samarbeid med Høgskulen i Telemark, Landslaget for Spelemenn (LfS), Norsk Folkemusikk- og danselag (NFD), Rådet for folkemusikk og dans (Rff), Folkeakademienes Landsforbund (FAL) og Bø folkeakademi.)
Organisasjonsnummer: 984 997 256 Enhetsregisteret

§1 Føremål

Norsk Kvedarforum er ein møtestad for kvedarar, det vil seia utøvarar og tradisjonsberarar.
Norsk Kvedarforum skipar samlingar til inspirasjon i arbeidet for å vidareføre, formidle, verne og forske i norske og andre song- og kvedartradisjonar.

§2 Samlingar og samarbeid
Norsk Kvedarforum skipar eigne samlingar, seminar eller minifestivalar.
Norsk Kvedarforum kan også, dersom det ligg til rette for det, halde samlingar i tilknyting til arrangement tilskipa av ein lokal eller sentral institusjon eller organisasjon. Døme på aktuelle samarbeidspartnarar er Landslaget for Spelemenn (LfS), Norsk Folkemusikk- og danselag (NFD), Rådet for folkemusikk og dans (Rff), Norsk Folkemusikklag (NFL) og Folkeakademiene (FAL).

Alle faglege spørsmål knytt til kveding og folkeleg songtradisjon kan takast opp.
Samlingane skal planleggjast, tilretteleggjast og gjennomførast av arbeidsgrupper i samarbeid med styret. Arbeidsgruppene skal heile tida halde styret orientert om sitt arbeid. Arbeidsgruppene må ha styrets godkjenning for dei økonomiske disposisjonane.

§3 Økonomi

Medlemspengar skal dekkje utgifter til drift, dvs. møteutgifter og utgiftene til post, telefon og ein enkel medlemsbulletin. Samlingane skal vera sjølvfinansierande.

Særskilt inviterte utøvarar eller forskingsbidrag på kvedarsamlingar skal finansierast etter søknad om eksterne midlar, og seminar med seminaravgift.

§4 Medlemskap

Medlemskap føreset at ein arbeider i samsvar med formålet, og at årsavgifta er betalt. Medlemskapet forpliktar til aktiv innsats i arbeidsgrupper, lokalt eller sentralt, på ein slik måte at Norsk Kvedarforum får geografisk spreiing, lokal forankring og fagleg variasjon i innhald.

§5a) Styret

Norsk Kvedarforum skal ha ein særskild vald leiar og elles 4 styremedlemer.
Leiaren skal veljast for 1 år om gongen. Styremedlemmene skal veljast for 2 år om gongen, men slik at to av dei er på val kvart år. Styret konstituerer seg sjølv. Ein av styremedlemmene har skrivararbeidet og ansvaret for medlemsbulletinen.
Styret er vedtaksført når minst 3 er til stades.
Oppgåvene til styret er:
- Å krevja inn og forvalte medlemspengane
- Å ha overordna ansvar for samlingane
- Å oppnemne arbeidsgrupper for samlingane og heile tida halde seg orientert om arbeidsgruppenes arbeid og disposisjonar.
- Å førebu årsmøtet og leggje fram årsmelding, rekneskap og arbeidsprogram.
- Å informere medlemmene med medlemsbulletin/medlemsbrev

Styret arbeider fritt og tek sjølv opp saker, og samordnar verksemdene til arbeidsgruppene. Koordinering med arbeidsgruppene skjer ante ved at det er ein representant frå styret i gruppa, eller ved at arbeidsgruppa har eit styremedlem som fast kontakt.

§5b) Valnemnda

Valnemda består av tre medlemmer som rullerer. Nr. 1 fungerer som leiar og har ansvar for å kontakte dei andre i nemda og fordele oppgåver. Eit nytt medlem blir vald kvart år og sett opp som nr 3, dei andre rykker opp. Leiar går ut.

Oppgåvene til valnemnda er:
Fremme forslag til nye styremedlemmer og revisor og legge dette fram på årsmøte.

§6 Årsmøtet

Årsmøtet skal haldast snarast råd i nytt rekneskapsår, helst i månadsskiftet januar/februar eller når styret finn det høveleg.

Årsmøtet vel leiar, styre, revisor og valnemnd, gjennomgår årsmelding og rekneskap, vedtek medlemspengar og drøftar arbeidsprogram. Alle organisasjonsspørsmål skal behandlast av årsmøtet. Endringar av vedtekter skal vedtakast med 3/4 fleirtal.

Alle saker som skal avgjerast på årsmøtet må vera oppført på saklista. Saklista saman med eventuelle framlegg til vedtektsendringar skal gjerast kjend for medlemmene i rundskriv seinast 2 veker før møtet. Framlegg til saker på årsmøtet skal vera styret i hende seinast 4 veker før, og medlemmene skal ha melding om datoen og staden for årsmøtet seinast 6 veker før møtet.

Alle som har vore medlemmer minst 3 månader og betalt medlemspengar har stemmerett på årsmøtet. Ekstra årsmøte skal haldast dersom styret finn det tenleg, eller dersom minst 1/3 av medlemmene krev det.

§7 Oppløysing

Dersom årsmøtet vedtek å leggje ned Norsk Kvedarforum skal eventuelle midlar overførast til ein organisasjon eller institusjon som har arbeid for norsk vokaltradisjon som eit hovudmål. Vedtak om oppløysing av forumet krev 3/4 fleirtal av dei frammøtte på ordinært eller ekstraordinært årsmøte.

Tip a friendTips en venn