I 2012 har det gått eit tiår sea stiftingsmøtet under stevseminaret i Bø i 2002. Om tida flyg har Kvedarforum gjort den til flygereiskap for song, bansullar, balladetradisjonar og stev, for å nemne noko frå dei rike songtradisjonane som tidlegare batt folk i hop. Jubileet markerast på ymse vis gjennom 2012. Vi vonar mange belagar seg og kjem på dei mange spennande samlingane i året som kjem, men også at eldsjeler samlast om lokalstoff og jubilerer med song og leik for born, unge og alle aldrar. 


Jubileumsåret 2012

I 2012 feirar Norsk kvedarforum 10 årsjubileum og Lindeman 200 år, 1812-2012 (Sjå eiga sak om Lindemanjubileum i Nkf-regi). Vi vonar mange belagar seg og kjem på dei mange spennande samlingane, men også at eldsjeler samlast om lokalstoff og jubilerer med song og leik for born, unge og alle aldrar og til levandegjering av Lindemanstoff i året som kjem.

I tillegg til livslevande lokaltradisjon er det viktig å minne om at Lindeman kan ha stoff både til småkvedarar og spelmannspirer – songar og stubbar, salme og slåttar. Han var ikkje berre samlar. Som komponist laga han tonar til ei mengd norske salmer, eit stort og spennande emne i seg sjølv og stoff til oppgåver for organistar og kyrkjelydane i Lindemanjubileum 2012. Alle som vil ta opp Lindemantråden skal vera klar over at Lindemans Legat har avsett midlar til jubileumstiltak og inviterer til å kunngjera på jubileumskalenderen. Norsk kvedarforum tolkar det slik at det er nå fullt mogleg å lage sin eigen kvedarskule med prosjektmidlar. Noko å tenkje på i eit jubileumsår der det ikkje er kveding i musikk- / kulturskulen. - Innan eit lag – å lage noko som blir noko av, i staden for berre eit kurs i ny og ne? Kvedarposten og www.kvedarforum.no har plass for smått og stort, gjer vel og meld frå.

Norsk kvedarforum 10 år

Norsk kvedarforum vart stifta i Bø 23. april 2002 og feirar jubileum i Bø 13-15.april 2012. Den gongen var det stevseminar, nå eit seminar om emnet song og leik. Vi siktar mot barn frå lokalmiljøet og tilreisande i lag med deltakarar og utøvarar, og elles interesserte i alle aldrar, slik det er typisk i levande folkemusikkmiljø. Levande song- og leiktradisjonar frå ulike etniske grupper og døme på kunstnarleg og pedagogisk bruk av tradisjonen er på programmet.

  • Å bli kjend med kvarandre og få vite om eller vite meir om dei mange song- og danseutrykka er det eine hovudmålet.
  • Å formidle at kveding/song, dans og leik er god samværsskikk er det andre.
  • Å være saman i songen og leiken er styrande for programmet. Programmet omfattar festkveldar med måltid, song, dans og leik, der barn og vaksne deltek på lik line og under leiing av kjøkemeister.

Slik tradisjonell samværsform med alle samla til måltid og samver i song og dans til hygge og moro gjer det lett å bli kjend med kvarandre. Å få ei innføring i levande kjømeistertradisjon er av stor verdi i seg sjølv. Denne omfattar frå start til slutt både høgtideleg og morosame songinnslag, styrande for forma og gangen i festen.

Ein vesentleg del av programmet er at deltakerane i mindre grupper får møte kvedarane / folkesongarane og syngje med dei, og det vert allsongstunder med Kirsten Bråten Berg når alle deltakarane er samla. Nyleg gav ho ut ein cd med folkesongar velkjende frå allsong/ skulesong og minte oss på at denne tradisjonen er på vikande front. Han fortener ikkje berre å bli påenst, men og å bli verdsett som samværsform.

Ein busstur i vakkert landskap tek oss til ei musikkstund i mellomalder-kyrkja, gamle Nes kyrkje. Her er emnet likskap /skilnad mellom kveding og gregoriansk song; ein gamlestevtone og ein gregoriansk melodi er utgangspunkt. Komponist og organist, Henrik Ødegaard, mange år leiar av gregorianske messe til kveldsbøn i Nes gamle kyrkje, står for denne stunda. Saman med songarane sine fører han oss inn i messesongen og let oss også ta del. Slektskapen mellom barns ”ikkje trå på streken”-leikar og mellomalderkultur er også eit emne. Utanfor kyrkja, om veret tillet det, teiknar vi ein eller fleire paradis og ein labyrint av typen som m.a. er funnen på mellomalderkyrkja i Seljord. Parallellar og samanhengen mellom barneleikens biletform og kyrkjeromet saman med rim og regler til vandring i labyrint er på programmet i “uterommet”.

I den fyrste av to festkveldar er lokale lag vertsskap for barn og unge rekruttar og unge utøvande frå heile Telemark til ein ”Bli-kjent-kveld”. Her er deltakararar på Kvedarseminaret særskilt innbedne og telemarkingane tek gjestene med i springar, gangar, halling og runddans.

Den andre festkvelden er Kvedarseminarets med vekt på song og styrd av kjøkemeister, Oline Løvlid. I jubileumsseminaret Song og leik - Møte i song og mangfald engasjerer Norsk kvedarforum utøvarar frå ulike landsdelar, nasjonale minoritetar og frå våre nyare medborgarar. Deltakarane møter erfarne formidlarar av norske, kvensk, finsk/norsk, nord- og sør-samiske tradisjonar i grupper. På konsert/framsyningar er mellom anna jødisk, idiansk-søramerikansk og iransk folkesong representert på programmet. Samarbeidspart er Folkeakademienes Landsforbund. Dess fleire som kjem dess bedre, men gjevande og interessant vert dette seminaret i alle fall.

Meir om programmet i Kvedarposten 1-2012.

Arbeidsgruppa: Agnes Buen Garnås og Jarnfrid Kjøk

Lindemanjubileum 2012

Norsk kvedarforum har fleire tilskipingar i Lindemanåret. Halvor Håkanes og Eli Storbekken står for desse.

Miniseminar om Lindeman før Årsmøtet 11.februar 2012.

Klokka 1100-1300: Innleiingar til samtaler Astrid Nora Ressem: Sveigdalen, Lindeman og forskaren Ragnhild Furholt: Tilnærming og formidling av Lindemanoppskrifter Kvedarseminar 2012 om Lindeman Oslo i september. Seminar, kvedarverkstad og konsertar. Levandegjering av Lindemanstoff i ulike sjangrar er ein av konsertprogramideane. Lokale Lindemanprosjekt med kvedarar står sjølvsagt sentralt, eit døme er Ingvill Marit Buen Garnås om og med Lindemanoppskriftene etter Finkenhagensøstrene.

Lindemandagen 29.november 2012 Seminar og konsert.

Kvifor feirar vi Ludvig Mathias Lindeman? Folketoneoppskriftene hans vart berga ut av det brennande huset – etter brannen i Lindemanheimen natt til 30. november 1859 skreiv Bjørnstjerne Bjørnson i Aftenbladet: «Kan ikke netop denne ildebrand nu lyse saavidt op for os, at vi ser, hvilken Mand vi ejer i Ludvig Lindemann, og hvilken Skat han er i stand til at samle os, naar han gives Tid dertil? Disse Melodier, som Folket 'brænde inde med', burde gjennem snar tililende Hjelp reddes. Lad nu ham, som her har tabt sin Formue, faa den, han sætter den højeste Pris paa, nemlig Evnen til at samle og redde det norske Folks Historie i Musik.» Dette er det dramatiske høgdepunktet i historia om den eineståande samlinga. Den som vil sjå dei dyrebare originalane i dag må ha ein god grunn og bla med kvite hanskar under tilsyn. Heldigvis slepp vi å reise lange vegar til Nasjonalbilioteket i Oslo for å finne dei. Note- og tekstoppskriftene er gjort tilgjengeleg for oss alle i bokform: Øystein Gaukstad: Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner. Tekster etter originalmanuskriptene i Norsk musikksamling, Novus 1997 og Noter etter originalmanuskriptene i Norsk musikksamling, Novus 2000. Desse bøkene får medlemmer i Norsk kvedarforum kjøpt billeg! Dei inneheld stoff frå mange distrikt, også nordanfjells. Lindeman kom ikkje over heile landet eller inn i alle dalar, dessverre kan vi seia i dag med transportmiddel som fører oss lett til og frå over alt. Lindeman gjekk til fots for det meste. I denne lenka kan du bl.a. finne titlar på bøker om han, samlarferdene hans og om nokre av dei han møtte.

Konsertserien I Lindemans fotefar v/ Ingvill Marit Buen Garnås for Norsk kvedarforum la Lindemans samlarferder til grunn. Kvedarane Ragnhild Furholt frå Agder, Ingvill Marit Garnås frå Telemark, Camilla Granlien frå Gudbrandsdalen, Sinikka Langland frå Finnskogen, Marit Mattisgard frå Valdres, Gunnlaug Lien Myhr frå Hallingdal og Øyonn Groven Myhren frå Oslo framførde songar og fortalde frå det dei hadde funne ut om personane Lindeman skreiv opp etter.

Felleskonserten i Oslo Ladegaard 3.desember 2005 vart lydfesta av NRK og send som radioprogram nyttårsdagen 2006. Parvis hadde dei fleire lokale I Lindemansfotefar-konsertar jf K-posten 3-2005. Jarnfrid Kjøk