Jubileumsseminaret med tittelen Møte i mangfold - Samvær i song og leik var arrangert av Norsk kvedarforum i Bø, 13.-15.april 2012, i samarbeid med Folkeakademienes Landsforbund og med økonomisk støtte frå Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Lindemans Legat, Folkeakademienes Landsforbund, Komp og Studieforbundet næring og samfunn.
Programmet var svært omfattande og variert og av høgste kunstnarlege kvalitet, med i alt 20 medverkande og 43 betalande deltakarar, av desse 11 born. Mangfaldet av songuttrykk på ulike dialektar og språk, tradisjonell og ulike former for kunstnarleg bearbeidd formidling av song- og leiktradisjonar, likeeins samvær i song- og leik over generasjons- og tradisjonsgrenser stod sentralt. Dei lokale kvedar-, dans- og leikmiljøa for born i verts- og grannekommunene sto på programmet i festsamværet på ungdomshuset Sandvin fredag 13. april der Agnes Buen Garnås, Bø U.L. Bø Dansarring og Spelemannslaget Bøheringen var vertskap. 110, halvparten barn og unge, var samla. Her medverka spelemannen Per Anders Buen Garnås, dansarar frå Bø Dansarring og Småkvedarane frå Åmotsdal m.fl..
Seminaret var på Bø Hotell. Det omfatta tre konsertar Skomakeren som sang med Ivanir Hasson og Safira Hasson (jødisk tradisjon), Naharanaverden med Veronica Salinas (søramerikansk indiansk tradisjon) og Marius Graff på gitar, og kveldskonserten Vrimmel med innslag av Ivanir Hasson, Safira Hasson, Veronica Salinas, Sinikka Langeland, Ante Mikkel Gaup (nordsamisk) og Cecilia Persson Hattfjelldal (sørsamisk), samt Agnes Buen Garnås. Saksofonisten Trygve Seim var musikalsk bindeledd mellom songarane i denne konserten og sundag i samlinga etter song i grupper.
Song i gruppe var organisert i 1 timesøkt med kvart av fire kvedarpar:
- Elin Sappola Brandvold, Bardu, kvensk og Sinikka Langeland, Grue (finnskogfinsk),
- Ante Mikkel Gaup, Kautokeino (nordsamisk) og Cecilia Persson, Hattfjelldal (sørsamisk),
- Sigrid Randers Person, Sortland (nordnorsk) og Tone Juve, Tønsberg (trøndersk), og
- Ingvill Marit Buen Garnås, Bø (telemarks).
Gruppene presenterte noko av det dei hadde lært som avslutning på seminaret.
Vidare omfatta programmet allsong ved bordsetene med Kirsten Bråten Berg som leiar, innlegg ved biletkunstnarane Olav Bjørgum som bl.a. kvo stev og fortalde om bukken som symbol i folkekunsten og Ellen Baskår om bruk av bilete/data i bruk for å formidle songtekst. Veslemøy Fjerdingstad fortalde frå arbeidet med masteroppgåve om bruk av folkemusikk i barnehagen. Agnes Buen Garnås og Jarnfrid Kjøk innleidde og avslutta seminaret med slåttestev, danseleikar og kjøkemeistervers.
Programmet omfatta også ei utfart til gregoriansk songmesse i Nes kyrkje med komponist Henrik Ødegaard og hans lokale songensamble, fyrst med labyrintvandring og paradishopping på kyrkjebakken, teaterframsyninga Den lille prinsen på Gullbring kulturhus og ei salsutstilling med plater, bøker, biletkunst, instrument i leire m.m. som dei som deltok på seminaret hadde med seg.
Oslo/Bø, 16.april 2012, Agnes Buen Garnås og Jarnfrid Kjøk (arbeidsgruppe).