Brøstrud i Uvdal i Numedal var perfekt ramme rundt årets Kvedarseminar; passeleg stort, pent ute og pent inne, god mat, god seng, hyggeleg vertsskap og høvelege rom for konsert, foredrag, færøydans, kvedarkveld og “verkstad” med song i grupper. Seminaret samla 29 medrekna innleiarar, kyrkjekonserten i ærverdige Uvdal stavkyrkje var godt som fullsett.

Seminaret fekk pengar frå Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk Kulturråd, Lindemans legat, Fondet for utøvende kunstnere og Numedalskommunene Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal.

Leiar Jan Heier helsa velkome for Norsk Kvedarforum og Åsne Bergset for det lokale vertsskapet. Kristin Baalerud var “seminarkjøkemeister” og kalla oss med velvalde, muntre stubbar og vers til matseter og til samlingar, slik det seg hør og bør når vi samlast om folkesong.

Fredagskvelden sette Numedal på balladekartet vårt med lokalt balladestoff til lyrespel og foredrag om Kraviklyra. Gruppa Mot normalt, Åsne Bergset, Liv Bergset, Gro Brattvåg og Åshild Wetterhus, sto for konserten. I hovudsak fleirstemmig framførde dei tragisk dramatikk og skjemt, mellom anna En ridder så rik og bold, Sven Svane, Ungersven og Møllardottera, og den velklingane songen fekk sitt behagelege tonefylgje av Åshild på Kraviklyre. I foredraget sitt fortalde Sverre Heimdal om Kraviklyra og om tolkingane han har lagt til grunn for arbeidet sitt med å rekonstruere eit instrumentet som høver songen så godt. Kraviklyra har ei særstiling, instrumenthistorisk, ikkje berre som det eldste registrerte strengeintrumentet her i Noreg, men også i europeisk lyrehistorisk samanheng. Illustrert med eit rikt biletmateriale av lyre- og harpespelande heltar, frå Orfeus og kong David til Gunnar på kyrkjeportalane i Uvdal og Hyllestad, og arkeologiske lyrefunn, påviste han særmerke ved dette lokale klenodiet. Spesielt interessant var jamføringa av form og dekorasjonar med ei lyre nyleg funne i ei 500-talsgrav i Tyskland. I dei norske kyrkjeportalane har Gunnar fått Davids harpe, Kraviklyra og den tyske har ein orm-slangesymbolikk som fører tanken til den norrøne Gunnar i ormegarden. Laurdag med seminar og songverkstad, kyrkjekonsert og Færøydans. Emnet for seminaret var mellomalderballader i Buskerud og Noreg. Gunnlaug Lien Myhr hadde eit kortare innlegg om balladetyper i Hallingdal, det området i Buskerud som har høvesvis mykje og variert balladestoff. Deretter fortalde Halvor Kvisle om balladetekster og tonar som er oppteikna og lydfesta i Numedal, han illustrerte med opptak frå ulike bygder i dalen. Sigrid Aksnes Stykket gav i foredrag ei innføring om dei norske mellomalderballadene, deira historie og typelære allment og med klårgjerande eksempel. Etter eit stutt ordskifte gjekk deltakarane i grupper til songverkstad.

Songverkstadene med Gunnlaug Lien Myhr og Halvor Kvisle var m.a. innlæring av songar, 2 timar hjå kvar. Gruppa med stemmepedagog Linda Grønhaug vart instruert i stemmebruk. Ordskiftet. Mange tema var framme, mellom anna variantar som deltakarane hadde av numedal- og hallingdalstoff, likeeins var det reist spørsmål om kva digitaliseringsprogramma www.dokpro.uio.no og www.visearkivet.no kan by dei som i lokaltradisjonen har bevara tonar, men manglar heilskaplege tekster, eller har tekster, men manglar balladetonar. Også arbeidet som dyktige kvedarar har gjort og gjer med å gjenskape og levandegjera ein truverdig folkeleg song frå noteoppskrifter var understreka. Å kutte ned balladene til nokre få vers har vore tendens og grunngjeve med at lange tekster kunne trøytte eit publikum. Kanskje kan ein nå sjå ei vending til å oppskatte det visa har som heil forteljing og at utfordringa for utøvarar heller ligg i det å gjera dei mange versa interessante frå start til slutt. I motsetnad til dei gamle platene har cd-en uendeleg med plass. Dei lange forteljande visene - tragiske, dramatiske, eventyrlege eller skjemtande - fortener å framførast fullt ut.

Mange norske utøvarane har i så måte noko å hente og lære hjå færøyingar som Hans Iversen. Han har vore med Kvedarforum før, som instruktør på Kvedarseminaret 2004 i Trondheim. Færøydansen (laurdagskveld og sundag). Å oppleva den sterke mannsrøysta syngje vers etter vers heile lange visa i dansen og vera med sjølv smått om senn, og så etter kvart våge å røste seg skikkeleg i mellom- og omkvedet, var ei frigjerande oppleving. Dansen, enkel i tak og steg, men songen med det medrivande i rytme og rørsle må ein gjeva seg over til. At ein kan dragast heilt inn i ekse kjennest ingen tvil om. At songen og dansen gav meirsmak er sikkert. Ideen om eit kvedarseminar på Færøyane vann entusiastiske tilslutnad. Møtet med færøydansen var ei åndsreise i kontrast mot det heimlege lyrisk vare, og attkjenning av motiv og innføring i litteraturhistorie. Vi dansa Gudbrandskvædet, vår Sinklarvise av Edvard Storm, og Ormen lange. Denne visa som nordmenn har songje i leikarring i hundre år, og som vi trudde var nesten like gamal som forteljinga i sjølvaste Snorre, er dikta fyrst på 1800-talet av færøyingen Jens Christian Djurhuus, etter Snorre i Heimskringla. Ho er ei av dei mest omtykte og kjende balladene frå Færøyane, og ein færøysk rockeversjon har gjort ho kjend langt utanfor Norden. I foredraget om færøytradisjonen gav Hans Iversen oss glimt inn i både balladetradisjonen og bruksmiljø; i instruksjonen til dansen poengterte han særleg skilnaden på norsk og færøysk takt og syngjestil.

Busstur til Kravik og Uvdal stavkyrkje (laurdag). På bussen oppover langs Numedalslågen var utsynet skog - skogkledde åsar og sidedalar, og ei strofe kom frå ei nyare vise som gutane røsta seg i karsleg song for førti-femti år sidan på mine trakter: … oppi Numedal et sted vi skulle hogge ved / det var tre på tre så langt vi kunne se./ så gikk hele kojas lag for å slipe øks og sag / og så blei det ikke gjort no mere denna dag. Bussturen synte bygda frå busetnadsperspektiv og endra inntrykket av landskap og liv. Even Tråen, svært god forteljar, levandegjorde historia om dalen frå fjerne til nyare tider for oss. Eit av høgdepunkta var møtet med og omvisninga på Kravik i Nore. Det er garden der Kraviklyra kjem frå, og der står huset med portalen med Gunnar i ormegarden spegelvend av han på kyrkjeportalen i Uvdal; huset er forresten det eldste bebudde i Noreg i dag.

Kyrkjekonsert i Uvdal stavkyrkje. Konserten med Gunnlaug Lien Myhr, Halvor Kvisle og Stein Villa samla om lag 90 medrekna seminardeltakarane. Dei tre utøvarane framførde mellomalderviser frå Hallingdal, Numedal og Vadal vekselvis, med vakre røyster, stødt og sikkert, eit mangfald av tonar og stemningar - høgtidelege salmer og salmetonar, tragisk dramatikk og skjemtande, ljose stemningar i det gamle, muntert og vakkert rosemåla kyrkjerommet. Stein opna konserten med salmetonar, Kom venner kom og Jeg ser deg o Guds Lam, på beinfløyte, deretter Gunnlaug Krist give jeg var der solen rinner og Halvor Ola Velland og seinare Spurning og svar og Stalldrengen som fekk bån; Gunnlaug Kristnillevisa, Prinsessen og Sjugul og trollbrura og Stein Hyrdinden, Strafffangens sang og Langt norden for Trondhjem der stander en lind og Hjerte elskede venner. Han song til eige tonefylgje – langspel og harpe av typen som harpespelande Gunnar på Uvdalsportalen. Leiar i Norsk kvedarforum, Jan Heier, takka dei for konserten med roser.

Seminaret og konsertar var i heilskap og delar framifrå. Sjeldan har tanken om dei lange linene i tradisjonane vore så klart underliggjande i eit kvedarseminarprogram, og for oss som deltok på seminaret vart dei materielle restane frå mellomalderen synlege og dei immaterielle vart levande song. Dette seminaret var ikkje berre til inspirasjon, men og til ettertanke om verdiane som ligg i det at nokon har teke vare på og at det er nokon som gjenskapar og levandegjer desse “restane”. Deltakarane gav da også unisont uttrykk for positive opplevingar skriftleg på vurderingsskjema. Numedal er sett på balladekartet og nok ein tråd er knytt i den nordiske samtidsveven.

Lokal arbeidsgruppe, Åsne Bergset og Kristin Baalerud, og Jan Heier og Veslemøy Fjerdingstad for styret i Norsk kvedarforum fortener stor takk.

Jarnfrid Kjøk