Ludvig Mathias Lindeman, født 28. november 1812 i Trondheim, død 23. mai 1887 i Christiania, var ein norsk komponist, organist og folkemusikksamlar. Han var den første i Norge etter Olea Crøger som byrja å samle folkemusikk systematisk, og samarbeidde med Crøger og Landstad om utgjevinga av Norske Folkeviser.
I 1861 besøkte Lindeman Bygland og Valle, og i 1863 var han i Drangedal. Her skreiv han ned tekstar og melodiar til ei stor mengde ballader, stev, viser, bånsullar og mykje meir. Desse samlingane vil danne grunnlaget for årets Lindemandag, i år lokalisert til Arendal.
Ann-Turi Ford, journalist, fagforfattar og sangar, blir med og fortel historia om L. M. Lindeman, ho vil også presentere viser som Samuel Hellen song for Lindeman, alle med tilknytting til Agder. Ford har gjeve ut seks bøker om lokalhistorie, Oxford og musikk, og fire cd-ar med folkemusikk. I tillegg er ho redaktør for Kvedarposten, medlemsbladet til Norsk Kvedarforum.
Det blir ein liten konsert med Trio Tragder (Nina Byttingsmyr, fele/hardingfele, Torgeir Tønnevold Fiane, trøorgel, og Olaf Moen, vokal), der dei speler noko av materialet frå Bygland, Drangedal og Åmli.
Etter konserten blir det kvedarsamling i vanlig form, der deltakarane får lære seg nokre viser som blei nedskrive av nettopp Lindeman i Bygland og Drangedal.
Entré kr 100, gratis for deltakarar under 26 år.
Kultursenteret Wataha Camp held til i det som før var Arendal frikirke, på toppen av Iuellsklev/Bendiksklev. Det er eit levande kultursenter drive av den største polske foreininga i Noreg.
Alle hjarteleg velkomne!