Gjest Baardsen (1791-1849) var frå Sogndalsfjøra i Sogndal. Han vart ein myteomspunnen mann - lovbrytar, men også forfattar. Han var ein mann som vakte både beundring og avsky. Mange viser, mytar, og meir og mindre sanne historiar finns om han.

Ei historie fortel om at han, saman med andre, redda mange barn frå å fryse i hel under ein orkan i 1822. Barna hadde rodd ut til ei øy for å sanke fór, til dyra i vårknipa. Dei fleste mennene var på sildefiske, men Gjest samla dei mest brukbare karane og redda desse forfrosne og redde barna.

Men mest kjend er han som uforbeterleg lovbrytar. Han vart dømd til livsvarig straff i 1827. Men vart benåda i 1845. Han skreiv m.a. ein sjølvbiografi, og fleire viser. Men den kanskje mest kjende visa "Å kom vil I høre en vise om Gjest", har han ikkje skrive sjølv. Dei siste åra, etter han vart benåda - reiste han rundt og selde bøkene sine. Då han døydde i 1849, hadde han tittelen "Boghandler". Han var samtidig med ein annan mytomspunnen lovbrytar, Ole Høyland (1797-1848).

For meir kunnskap om denne mannen - mytane, visene om, og av Gjest Bårdsen - arrangerar Norsk Kvedarforum i helga 24. -26. mars, eit seminar  på Sogn Folkemuseum i Kaupanger.

Medverkande på seminaret: Yngve Nedrebø, Jens Brekke, Judith Vestrheim, Hildur Øygarden m. fleire.