På Møsstrond i Vinje kommune i Telemark bur der mange kvedarar, ja heile femten prosent av bygdefolket kan kveda. Ingen andre bygder i landet kan konkurrere med det! Kveding er ein naturleg del av livet, både i kvardag og til fest. Mange har skjøna at dette er eineståande. Kulturarbeidar og kunsthistorikar Aslaug Vaa er i gang med å filme fire kvedarar frå Vinje – av dei tre frå Møsstrond – i filmprosjektet «Ei vise vil eg kveda». «… dei får fram krafta i folkemusikken på ein fri og usminka måte … Kvifor reise til India og meditere når ein kan reise til Møsstrond og høyre kveding?» seier Vaa mellom anna til Vest-Telemark Blad.

Program

Fredag 6. september

  • 17:00 Båtskyss frå Varland til Møsstrond turisthytte på Hovden
  • 18:00 Velkomen. Informasjon om seminaret. Kjøtsuppe og rundstykke
  • 19:00 Kurs: Slåttestev, med Hillborg Romtveit Bygdevisur, med Kjell Hove og Inger Lien
  • 21:00 Me slappar av, kved og kosar kòn.

Laurdag 7. september

  • 08:00 Morgomat
  • 09:00 Kursa held fram
  • 11:30 Dugurd
  • 12.15 Fri – til dømes til ein rusletur i Møsstronds-naturen
  • 13:00 Kvedarcruise på Møsvatn med «Fjellvåken». Kjentmann og spelemann Trygve K. Vågen viser oss stadar som er kjende frå slåttestev og bygdeviser. Unni Boksasp held konsert på båten
  • 18:00 Møsstrondkonsert i Møsstrond kyrkje, som ligg like ved turisthytta. Hillborg Romtveit, Trygve K. Vågen, Kjell Hove, Inger Lien, Randi Øverbø Hove, Ragnhild (12år)og Jon Inge (10 år) Øverbø Særsland og fleire kved, fortel, spelar og dansar.
  • 20:00 Middag

Sondag 8. september

  • 09:00 Morgomat, med smørjing av dugurds-matpakke
  • 10:00 Kursa held fram
  • 13:00 Båtskyss til Hillborg Romtveit og Trygve K. Vågen på Austli. Program ved vertskapet
  • 16:00 Seminaret er slutt. Deltakarane blir skyssa til Varland.

Påmelding

Påmeldingsfrist 15. august! 

Seminaravgift som dekkjer kurs, båtskyss, konsertar og fest:

  • Medlemer av Norsk Kvedarforum kr. 800,–
  • Ikkje-medlemer kr. 1.000,–
  • Familiar kr. 1.600,–
  • Born kr. 400,–
  • Studentar kr. 600,–

Overnatting m/full pensjon på Møsstrond turisthytte kr. 1.140,– Bestilling av overnatting tlf. 413 64 254

  • Påmelding og betaling til kasserar Bjørn Sigurd Glorvigen, kontonummer 2085.07.16324
  • Spørsmål og informasjon på mobil eller SMS til Øyunn Romtveit, 91366422