Norsk kvedarforum ser Steffen Eide og kjømeistertradisjonen hans som eineståande i Noreg. Med 5 generasjonars kjømeistrar bak seg i familien har han ikkje berre eit unikt songrepertoar; i stil og uttrykksform representerer han gamal og ekte kveding, og han har dyrka denne som kjømeister sjølv gjennom eit langt liv. At dette vert dokumentert og lydfest er derfor svært viktig. Agnes Buen Garnås har i lengre tid arbeidet med prosjektet som er ei oppfylgjing av Norsk Kvedarforum sitt initiativ etter Kvedarseminar 2007 i Voss om emnet kjøkemeistertradisjonar. Arbeidet kom i gang etter Kjømeisterseminaret på Aga i Hardanger 2008. Forlaget/plateselskapet, Steffen Eide og Ingrid Gjertsen står for utforminga/redigeringa av produktet. Norsk Kvedarforum står som initiativtakar ved Agnes Buen Garnås og som støttande fagforum bak utgivinga. (JK/JSM)