Om oss

stor logo kvedarforum_150x150Norsk Kvedarforum er ein møtestad for kvedarar, det vil seia utøvarar og tradisjonsberarar.
Kvedarforum skipar samlingar til inspirasjon i arbeidet for å vidareføre, formidle, verne og
forske i norske og andre song- og kvedartradisjonar. Nkf vart stifta 26.april 2002

Medlemskap forpliktar til aktiv innsats i arbeidsgrupper, lokalt eller sentralt, på ein slik måte at forumet får geografisk spreiing, lokal forankring og fagleg variasjon i innhald. Kvedarforum kan, om det ligg til rette for det, halde samlingar i tilknyting til arrangement tilskipa av ein lokal eller sentral institusjon eller organisasjon.

Norsk Kvedarforum gjev ut medlemsbladet Kvedarposten omlag 4 ganger kvart år som inneheld aktuelt kvedarstoff, seminaromtalar og meir.

Tip a friendTips en venn