KVEDARSEMINAR 2016

Petter Dass
Ringve museum, Trondheim. 2.- 4. sept. 2016
i regi av Norsk Kvedarforum
 
Foredragshaldarar og kvedarar frå Noreg, Island, Færøyane, Danmark og Sverige. 
 
Opplev songane, bli kjend med diktaren, lær tonane av kvedarar frå heile Norden. 
 
Songgrupper, foredrag, sosialt samvær og konsert med spennande utøvarar av tradisjonen etter Herr Petter.
 
 
Deltakaravgift medlem              1400
Deltakaravgift medlem student 1100
Deltakaravgift ikkje-medlem      1800
Prisane inkluderer heile programmet fredag-søndag. Måltid: Suppe fredag kveld og lunch og middag laurdag. 
Her er tips til Air B 'n B o.l. i nærleiken: NY SeminarOvernatting Tr heim.pdf
ringve_2005_0134_lite.jpg
2016-02-07

Petter Dass er ein av Nordens store visediktarar, både av verdslege viser, salmer og andre åndelege viser. Fiskehandlaren og presten har eit spennande forfattarskap som spreidde seg utover heile Norden. Kvedarforum i samarbeid med Ringve Museum vil invitere til seminarhelg der vi dukkar inn i songen, dikta og forfattarens liv. 

Vi ordnar felles overnatting og mat, så deltakarane kan berre kome og ta imot. Om du vil på kurs utan å overnatte eller ete felles måltid, er det også mogleg. Då er prisen 1500 kr (1000 kr for medlem). Med denne pakka får du lunsj på laurdag. 

Me har mange spennande utøvarar og forskarar frå heile Norden. Desse har jobba med hans tekstar og melodiar. Kursdeltakarane får innføring både i diktaren sitt liv og dikting, og får lære melodiveriantar både frå Noreg og Island, Færøyene m.fl. Vi håpar også nokon av deltakarane har lyst til å ta med seg ein melodivariant frå sitt eige distrikt, og dele med resten av kurset. 

Øyonn Groven Myhren er lærar frå norsk tradisjon. Ho har jobbe mykje med katekismesongane til Hr. Petter. Øyonn er kunnskapsrik, kreativ og ein av dei mest ettertrakta norske folkesongarane i dag. Ivar Roger Hansen, no direktør ved Ringve museum i Trondheim og tidlegare direktør for Petter Dass museet, har registrert rundt 800 melodiar som er brukt til tekstar av Petter Dass. Han skal fortelje oss om diktarens liv og mangfoldige virke.

Som lærar frå islandsk tradisjon har vi Bára Grímsdóttir. Her kan de lese meir om ho: http://www.folkmusik.is/en/page/bara_grimsdottir_and_chris_foster/ og nordicwomanmusic.com/artists/bara-grimsdottirMargrét Eggertsdóttir er den andre foredragshaldaren. Ho er tilsett ved Árni Magnússon Instituttet for islandske studie, og har jobba med Petter Dass sine tekstar. Ho har mellom anna publisert «Fiskenes lovsang. Stefán Ólafssons (1618–1688) ukjente gjendiktning av ‘Herre Gud, ditt dyre navn og Ære’» saman med ein av dei mest kjende Petter Dass-forskarane her til lands, Jon Haarberg (UIO). 

Frå Færøyene får me møte den dyktige folkesongaren Petra Iversen. Meir info om Petra kjem.

Link til artikkel om Petter Dass og spreiinga av hans tekstar: http://www.petterdass-museet.no/?page_id=221

 

Påmelding/spørsmål til: kvedarforum@gmail.com

 

Med venleg helsing seminargruppa 

Tip a friendTips en venn