Kvedarkonsert på Kongsbergmarken

Norsk_logKonserten i Lågdalsmuseet fredag kveld 25.februar Kongsbergmarkens fredagskonsert med kvedarar frå fjern og nær.
Av Agnes Buen Garnås.

Den fyrste deilen av markens-fredagskveldens konsert, fylte kvedarforumstyret med kveding frå mange kantar av landet. Jorunn Sterten song Julgeitsonen etter Edvart Ruud, ein variant av Stolt Øli og Jutulen, som den heiter her i Telemark. Julgeitsonen er frå Troms, og ein kan da berre tenke seg sjølv å være son av julegeita. Eli Storbekken kom rett frå Rørosmarten – der det var ” pørs og pols” som gjaldt - som ho sa, og rett til Kongsbergmarken. Eli hadde tatt med seg polsen ho, og tralla ein så ein både kom i godlage, og fekk danselyst. Halvor Håkanes kvo frå Guro Heddeli, ei av Jørun Telnes sine beste viser, og Jarnfrid Kjøk tok fram småviser om dyr. Ho både kvo og ga bod ved å vise til leddplagene denne reven hadde, ved å ta på kne og hasar. Veslemøy Fjerdingstad kvo frå siste Cd-plata si, nettopp er kome ut, der mykje er etter mora og Kongsbergtradisjon. Aasne Bergset og Åshild Wetterhus kvo mellomalderballadar frå Numedal, til Åshilds harpespel. Dei ga ein smakebit på kva som kan opplevast på Kvedarseminaret 2011 i Middelalderveka i Numedal. Intensjonen er oppnådd, ein fekk lyst til å ta turen til Middelalderdalen.
Alt i hop var ein vidunderleg times kvedarkveld! Kvifor det? Fordi det å høyre kvedarar formidle folkesongar er så velsigna naturleg, mellom anna. Dei er så ledige på scenen – med snert i tone, takt og introduksjon! Det blir ikkje så formelt og stivt og strunteleg, men stilig og overraskande. Dei gjorde alt så anlein. Dei improviserte – Ingen programleiar forstyrra det heile heller, da dei ga kvarandre tonen. Dei er veldig ulike, om dei alle er kvedarar. Dei kved på kvar sine måtar. Dei ordlegge seg godt – på kvar sine dialektar, som når dei kved. Det den eine ikkje tar med som burde seiast, tar dei andre og legg til. Dei kan så mykje av så mange slags songar at dei kan bygge eit program som dette – nesten på ståande fot. Ein forstår godt kva dei fortel. Dei skjønar sjølve godt kva dei kved om, og da forstår vi det lettare vi andre og! D e t er det viktigaste av alt. Det er ikkje på langt nær nok at det let fint! Å få til eit så friskt uttrykk som alle hadde på denne konserten - det er ikkje lettkjøpt! Det ligg mykje arbeid bak. Desse kan meir enn å brøfø seg! Utan tonefølge var det og mesteparten, men var det kjedeleg? Ikkje eit sekund! Dette blei ein skikkeleg fjør i hatten til Norsk Kvedarforum! Tusen takk! Dette skal eg leve lenge på! ABG

Tip a friendTips en venn