Jarnfrid Kjøk oppmoar til gjenopning

dokproimageÅ stengje ned databasen www.dokpro.uio.no/ballader (Universitetet i Oslos balladebase) verkar uforståeleg så lengje vi ikkje har den nye tilgjengeleg fullt ut. Denne balladebasen var vegen til “skatten” for alle oss som ikkje har tilgang til handskriftarkiva for skuld tid eller reisevegar. Å stengje basen vil seia å ta frå oss alt som var meint vi skulle ha tilgang til.

Oppmoding til Visearkivet:
Vi gler oss over det nye balladeprosjektet som er kome i gang og ser fram til at Visearkivet får alt det nye med tekst og tone på plass. Og vi er svært interesserte i opplysningar om kva som står føre av tekstrevisjonsarbeid og tidsrammene for å få alt, tilsvarande det gamle og med det nye, tilgjengeleg for oss. Men den meldinga som møter oss på gamle balladebasen om at basen er lagt ned og med grunngjevinga denne har “så mange feil og manglar” vekkjer ikkje berre undring, ho uroar. Kvedarar har vel med ein grunn kjend seg utestengde frå, ja kanskje til og med, med rette eller urette, kjend seg “uglesette” når dei kom til handskriftsamlingar for å sjå etter stoff frå heimtraktene sine. Universitetet i Oslos balladebase snudde om på dette. Stoffet vart med eit slag opna for oss alle. Dette med å stengje ned databasen www.dokpro.uio.no verkar uforståeleg så lengje vi ikkje har den nye tilgjengeleg fullt ut. Denne balladebasen var vegen til “skatten” for alle oss som ikkje har tilgang til handskriftarkiva for skuld tid eller reisevegar. Å stengje basen vil seia å ta frå oss alt som var meint vi skulle ha tilgang til. Alle kan sjå at det er både feil og manglar, men kva for transkripsjon er ikkje det frå eit kritisk forskarsynspunkt? For oss er opplysningane vi treng der, i heilskap og detaljar: visevariantar og versebrot, fakta om kvedarar og samlarar, det er meir enn godt nok og viktig for oss og til vår bruk. Det er sikkert ikkje meint som formynderi, men kjensla av at vi skal styrast som umyndige – som ikkje kan sjå feil og manglar sjølve - er ubehageleg, På vegne av alle oss som har gledd oss over det digitale balladerommet – i fristunder i travle ikkje-forskingskvardagar - ber eg om at databasen vert opna att. Digitalhistorisk og åndsverkshistorisk sett er det og eit poeng at ho står som ho har stått. Basen viktig i seg sjølv som starten på digital publisering av norsk folkedikting. Det meiner nå eg …
Jarnfrid Kjøk 9.11.2011

Tip a friendTips en venn