Barn i lokal songarv – Diktardagar i Lom-Skjåk-Vågå 2015–2017

Prosjektet "Barn i lokal songarv 2015-2017" inviterar lærarar og føresette i Ottadalsbygdene til samlingar om emnet Lokale barnesongar i læring og leik. Intensjonen med prosjektet Barn i lokal songarv 2015–2017 er å få til eit samarbeid med barnehage og skule i dei tre Ottadalskommunane som ein fast del av årlege Diktardagar. Prosjektet inviterer alle barnehagane og skulane til å presentere døme på barn i faglege og kreative aktivitetar med lokalt songstoff på samlinga 2017.

2016-10-14

Barn i lokal songarv, kveldens mest sjarmerande. (Foto og tekst: Ketil Sandviken)

http://www.gd.no/kultur/gdnorddalen/litteratur/rosbak-hoppa-inn-da-sigbjorn-johnsen-vart-forhindra-pa-diktardagane/s/5-18-338244

 

 

Barn i lokal songarv – Diktardagar 2015–2017

Intensjonen med prosjektet Barn i lokal songarv 2015–2017 er å få til eit samarbeid med barnehage og skule i dei tre Ottadalskommunane som ein fast del av årlege Diktardagar. Målgruppa er alle 6-åringane. Prosjektet 2015–2017 er organisert av Kvedargruppe Lom-Skjåk-Vågå for Norsk Kvedarforum og finansiert med pengar frå Norsk kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kriblemidlar - Oppland fylkeskommune, Stiftinga G-kultur, Lom kommune og Skjåk kommune. 

Barnesongstoffet i Ottadalsbygdene er ein stor og viktig immateriell kulturarv som i liten grad er kjend og brukt. Målet er at alle 6-åringane skal få lære og øve inn og framføre nokre barnesongar frå bygda si som levande tradisjon; i kvar av bygdene øver to tradisjonsberarar, ein eldre og ein yngre, inn songar og syngjemåte med borna. 

I 2016 fekk alle barnehagar og skular tilbodet og alle takka ja til å setja det på programmet sitt: barnehagane eit songmøte med 6-åringane i mai, skulane ei læringsøkt i fyrsteklasse avslutta med konsert for føresette eller fadderklasser under Diktardagar, fredag 3. september. 96 born var med i opplegget.

Målet at alle skal vera med og framføre det dei har øvd på er oppfylt gjennom lokale konsertar på samtlege skular. Diktardagar inviterer barn frå alle tre bygdene til framføring av innøvd stoff til eit barnegruppeinnslag i Lom Diktardagarlaurdag. Det inneber eit viktig møte til kjennskap og til kunnskap gjennom samordning og øving for dei som er med, og innslaget er godt motteke av publikum. Men på grunn av avstandar er det vanskeleg å rekruttere gruppe med fyrsteklassingar frå alle bygdene til denne fellesarenaen. Diktardagar er eit samarbeid mellom kulturorganisasjonar i Lom, Skjåk og Vågå og har arrangement og tilbod under Diktardagar i alle bygdene. Diktardagar inviterer heretter borna til eit framføringsoppdrag ved eitt av arrangementa i bygda i tillegg til invitasjonen 6-åringane og etablerte barnesonggrupper får om vera med i Lom.

 

Som del av prosjektet inviterer Kvedargruppa-Norsk kvedarforum lærarar og føresette til samlingar om emnet Lokale barnesongar i læring og leik. Samlinga 2016 og sonderingar har klarlagt at lærarar brukar og etterspør lokale barnesongar, fylgjeleg inviterer prosjektet alle barnehagane og skulane til å presentere døme på barn i faglege og kreative aktivitetar med lokalt songstoff på samlinga 2017.

 

Lom  6.september 2016

 

Kvedargruppa Lom-Skjåk-Vågå:

 

Lom: Reidar Svare, Jarnfrid Kjøk

Skjåk: Aud Hove, Ragnhild Bjørge

Vågå: Ola Grøsland, Camilla Granlien

Tip a friendTips en venn