Årsmøte 2013 på Lillehammer 9. februar

Seminar om Folkesang i kulturskolen
Konsert: Fra stølen til scenen, kvinnestemmer i folkemusikken
Kvedarkveld
2013-06-19

Referat fra årsmøtet 2013

Referat frå Årsmøtet 2013:
Årsmøtet 2013 laurdag 9.februar 2013 kl. 1300-1600 på Lillehammer folkemusikkscene, Lillehammer Bryggeri, Elvegata 19.

Møtte: Ola Fjeldet,Tone Romtveit, Sigrid KjetilsdotterJore, Kristin Baalerud, Åsne Bergset, Veslemøy Fjerdingstad, Bjørn Sigurd Glorvigen, Hege Nylund og Jarnfrid Kjøk; observatør Bjørn Sebastian Hecter.

Saklista vart godkjend med fylgjande merknad: Rekneskap og driftsbudsjett skal koma før Arbeidsprogram.

Sak 1. Møteleiar Veslemøy Fjerdingstad, referent Jarnfrid Kjøk; godkjenning av referatet Sigrid Kjetilsdotter Jorde og Kristin Baalerud.

Sak 2. Årsmelding 2012 vart opplese av Hege Nylund og godkjend med fylgjande endringar/tilføyingar/rettingar:
Medlemmar: retting: 51 betalde medlemspengar, dvs. færre enn i 2011.
Driftstøtte: retting: Norsk kvedarforum har fått løyvd årleg kroner 52 000 frå Norsk kulturråd i årsmøteperioden.
‘Minifestivalen’, Jubileumsseminaret i Bø og Kvedarseminar Lindemanjubileum 2012 kom samla sett ut med eit mindre underskot.
Årsmøtet 2012: retting: studieforbundet
Styremøte: endring: 12.januar, retting: Practice
Arbeidsgrupper: tilføying: … og Bjørn Sigurd Glorvigen for styret.
Kvedarposten: endringar: Nkf er medlem i Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans (Riksscenen), Eli Storbekken representerte Norsk kvedarforum 2012.
Tilskipingar: endringar/rettingar: sletta Hattfjelldal; Kvedarseminar 2012: retting: Rff; Lindemans møte med prestefrua og prestedottera på Hjartdal prestegard;… Aurskog. Delar av …; endring: Lindemandag 2012 vart feira sundag 28. november med vesper i Skoklefall kirke med Eli Storbekken, Halvor Håkanes, Bjørn Sigurd Glorvigen. 29.november hadde dei same kvedarane konserten Lindeman og salmesangen saman med Lars Henrik Johansen på cembalo i Lindemansalen på Norges musikkhøgskole.; retting: til stades for Nkf
Oppsummert: retting: dokumenterer
Lokale tiltak: endring/tilføying: Det kvenske prosjektet som kom i gang etter Målselvseminaret 2008 er nå ferdig med publikasjonen Elin Seppola Brandvoll, Bjørnar Seppola og Väinö Nilssen Kvensk finsk tradisjon i Norge – Minner frå barndom og ungdom 2012 v/ Etnisk musikklubb.
Fråsegn frå styret: rettingar/tilføyingar: … og VillaLofoten som dokumenterer kvedarmiljøet på Møsstrond. Denne blir lagt ved søknad om Kvedarseminaret som UNESCO Best Practice.

Sak 3. Arbeidsprogram 2013 vart opplese av Hege Nylund og godkjend med fylgjande rettingar/ tilføyingar:
Kvedarseminar 2013: tilføyingar: 6.- 8.september. Av praktiske grunnar vert temaet Gjest Bårdsen-viser – Sogndal utsett.
Lokale tiltak: endring: Så langt i 2013 er det kome ein søknad om støtte til lokale tiltak. Kvedargruppa i Oslo har søkt om kroner 2000.
Representasjon: justering/tilføying: Det gjeld Representantskapsmøtet for Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim haust 2013, Årsmøtet i Rådet for Riksscenen og FolkOrg.

Sak 4. Rekneskap 2012 og revisjonsrapport vart lagt fram av Bjørn Sigurd Glorvigen og godkjend med fylgjande endring / tilføying: Bø-seminaret tilførde eit overskot på kroner 835 til seminarkontoen. Seminarkontoen dekkjer underskotet til Lindemanseminaret, kroner 3507.

Sak 5. Driftsbudsjett 2013 vart lagt fram av Bjørn Sigurd Glorvigen og vedteke med fylgjande tilføying: Medlemspengar 2013 er uendra kroner 300. Styret legg fram framlegg til studentrabatt for Årsmøtet 2014. Postane i driftsbudsjettet vart justerte som fylgjer:
Medlemskontingent 60 á kroner 300 18000
Driftsstøtte NMR 52000
Sum 70000 70000


Sak 6. Val: Framlegg ved Åsne Bergset for valnemnda. Årsmøtet valde med akklamasjon. Styret 2013: Veslemøy Fjerdingstad - leiar 1 år, Bjørn Sigurd Glorvigen - kasserar gjenstår 1 år, Øyunn Romtveit gjenstår 1 år, Hege Nylund gjenstår 1 år, Sigrid Kjetilsdotter Jore 2 år. Varamedlemmer: Tone Juve 1 år, Agnes Buen Garnås 2 år. Revisor: Jon Storm Mathiesen 1 år. Valnemnd: Ruth Wilhelmine Meyer 1 år - leiar, Margrete Nordmoen 2 år, Kristi Kinsarvik 3 år. Årsmøtet påpeikar at neste års val bør justere perioden for ein av styremedlemmene som er på val slik at styret er samansett i samsvar med vedtektene. Det skal årleg vera to på val og to som ikkje er på val, leiaren skal veljast kvart år.

Sak 7. Kvedarseminar 2013: Øyunn Romtveit orienterte. Arbeid og økonomi er i god gjenge.

Sak 8. Kvedarseminar 2014: Årsmøtet hadde fleire framlegg til seminartema: songtradisjon i kyst- og fiskeristrok, fleire aktuelle stader Nord-Noreg, Grunnlovsjubileet kan markerast anten med seminar om det nasjonale i skulesongtradisjonen eller grensetreff om lokk og kulning, kauk og joik. Styret avgjer tema, stad og kontaktar aktuelle personar og institusjonar lokalt for samarbeid.

Sak 9. Årsmøtet 2014: Oslo 8.februar 2014

Sak 10. Det var ikkje meldt saker for årsmøtet.

Oslo 10.februar 2013
Jarnfrid Kjøk

Tip a friendTips en venn