Årsmøte 2012

Årsmøtet 2012 med Kvedarkveld, Miniseminar og Dommarkurs laurdag 11.februar

Årsmøte med Kvedarkveld, Miniseminar og Dommarkurs
Styret takkar for oppmøtet til Årsmøte 2012. Programmet rundt dette årsmøtet svara til at Norsk Kvedarforum er inne i sitt fyrste jubileumsår. Dei som har arbeidd i styret i mange år og gav stafettpinnen vidare var Jan Heier, Halvor Håkanes, Eli Storbekken og Jorunn Sterten Melhus.
Laurdag 11. februar var det miniseminar "Å tolke Lindemanoppskrifter" ved Astrid Nora Ressem om Sveigdalen, Lindeman og forskaren, og med Ragnhild Furholt om tilnærming til og formidling av Lindemanoppskrifter. ÅRSMØTET tok til klokka 13:00 Etterpå haldte Ingrid Gjertsen innleiing til dommarkurset sundag om ulike stiltrekk i folkesongen. Kvedarkvelden var i Herberget på Asylet, og sundag 12.februar på Populus var det Dommarkurs v/ FolkOrg i samråd og samordning med Norsk kvedarforum kl 1000-1500v
Kvedarkvelden gjenspegla noko av 10 års historia og peikte mot jubileumsfeiringa Møte i mangfald - samver i song og leik 13.-15.april i Bø. Miniseminaret før årsmøtet innleide Lindemanfeiringa og fylgjast opp med Lindemanseminar i september og Lindemandag i november. Dommarkurset, arrangert av FolkOrg og samordna med årsmøtet, fylgde opp tidlegare samarbeid og engasjement for vår del og vidarefører det viktige bevisstgjeringsarbeidet om folkesongens uttrykk og innhald.
Styret

Tip a friendTips en venn